I 2017 gjekk Holsvik Holding AS, Byggpartner AS og Møre Eigedom AS saman om å danne Byggsystem AS. Nyetableringa arbeider med nyutvikling av bustadar, og er ein leveranse- og logistikksentral sør for Trondheim. I tillegg leverer selskapet alle teiknetenester og har eiga marknadsavdeling i samarbeid med Ørsta-selskapet Racer AS.
Direkteavtalar
Bak nyetablering står Einar Holsvik, Odd Erik Hovden og Lauritz Holsvik. Førstnemnde er dagleg leiar for Byggsystem AS.
– Norhus-systemet har i alle år handla alle sine varer frå eksterne leverandørar og ulike mellomledd. Det er ei kjensgjerning at for å trimme konkurranseevna i dei ulike marknadane må du ha gode innkjøpsordningar, i tillegg til gode system og framtidsretta design på produkta. Vi bestemte i 2017 at denne funksjonen skulle vi ha lokalt og i eige hus. Selskapet skulle og ha eigne direkteavtaler med industrien på produsentnivå. Vi kutta med andre ord 1–2 ledd, for å styrke utbyggarkontora rundt om, seier Holsvik.
Skal auke staben
Byggsystem AS har etablert seg i lokala til Norhus i Hovdebygda. I dag er fire årsverk i verksemda, alle nyetablerte. I tillegg er det eit teiknekontor med ni faste tilsette i Ålesund.
– Det blir ei spreiing på dei tilsette, men vi held oss godt planta på Sunnmøre. Neste steg er å etablere seg med eit større kontor i Ørsta. Vi kjem til å utvide kontoret i Hovdebygda i 2019, men dette blir ei mellombels løysing då vi har avgrensa med areal. Byggsystem skal leve sitt eige liv på sidelina av Norhus-systemet, og det er viktig for oss at dette er eit eige bein som får best mogleg vekstvilkår utan å vere avhengig av enkeltkundar.
Innan 2020 skal Byggsystem vere etablerte med eige kontor i Ørsta og auke staben med 8–12 nye tilsette.
– Det er viktig for oss at vi har omsetninga og driftsselskapa lokalisert i Ørsta. Dette for å kunne legge att verdiar lokalt og skape nye arbeidsplassar i heimkommunen der alt starta i si tid. Vi har siste åra stått for fleire nyetableringar i ulike selskap, alle lokalisert i Ørsta kommune. I Hovdebygda er over tjue selskap lokalisert under same tak, og dette gjev oss eit breitt fagmiljø og stor tyngde i bransjen. Vi kan vel seie at vi har skapt ei bustadklynge, og har spennande og hektiske dagar.
50 millionar kroner
Byggsystem hadde ei omsetning på 25,5 millionar kroner i materialleveransar frå verksemda vart starta opp i april i fjor og ut året. I 2018 vil aktiviteten og leveransane ligge på over 50 millionar kroner.
– Vi har fleire større proff-kundar der vi er totalleverandør til fleire utbyggarar på større prosjekt. Vi har seld fleire av våre produkt til eit større bustadbyggelag på Austlandet. Dette skaper ny aktivitet som gjev oss større konkurransefortrinn og rustar oss for framtida.
Blant huskjedene som står på kundelista til Byggsystem står Norhus, Tyrolerhus og Boda, i tillegg til fleire små og mellomstore utbyggarar.
Etableringsperioden har vore utfordrande og det har vore ein kamp å få på plass direkteavtalene med produsentane.
– No er etableringsfasen forbi. Vi har større fridom og tettare dialog no for å få utvikla nye hustypar. Vi ønsker å ha ei aktiv drivarrolle i Byggsystem, og difor er det viktig å vere i Hovdebygda og Ørsta. Vi treng den daglege kontakta for å få eit best mogleg sluttprodukt.