Det var utvalsleiar Odd Magne Vinjevoll (Frp) som kom med forslaget, etter at det er kjent at Volda kommune ønskjer å reforhandle prisen på elevane frå Bjørke som går på skule i Volda. I 2016 betalte Ørsta kommune 59.754 kroner per elev frå Bjørke, men Volda kommune har rekna seg fram til at dei reelle kostnadene er på 109.627 kroner. Om Ørsta ikkje vil reforhandle, vil Volda kommune seie opp avtalen frå hausten av.

– Vi driv billegare skule i Ørsta. Kvifor ikkje tilby skule i eigen kommune. Vi har ein god skule på Sæbø med gode lærarar. Effekten av dette vil mellom anna vere at vi får meir aktivitet med skyssbåten, minst to gongar for dag. Dette vil også vere positivt med tanke på satsinga på Hjørundfjorden og turisme. Det vil vere vinn-vinn både for næringslivet og lokalsamfunnet. Riksveg nummer ein er på fjorden, og fjorden treng ikkje eingong vedlikehald, sa Vinjevoll.

Levekårsutvalet bed difor administrasjonen om ei utgreiing om fordelar/ulemper dette vil ha.