Det opplyser lensmann Guttorm Hagen. Det vert altså ingen demonstrasjon mot homofile i Volda tysdag. Den unge personen har i samtalar med politiet tilstått at det heile var ein spøk. Personen skal vere under 18 år. Flygebladet skal ha vorte delt ut til over 1.000 postkasser.

I ei pressemelding skriv lensmannen:

Utdeling av lappar i postkasser i Volda er gjort av ein ung person. Politiet har hatt samtale med vedkomande.

Innhaldet i flygebladet er ikkje reelt. Det vert ingen demonstrasjon, og det er såleis ikkje behov for motdemonstrasjon.

Mange i Volda reagerte svært negativt då dei fann lappane i sine postkasser. Lensmann Guttorm Hagen ynskjer no ro i saka.