Det fortel Nina Viddal, der ho står blant vinstokkane på familiegarden på Viddal, og tek i mot landbruksnemnda i Ørsta som er på synfaring.

Det er kanskje ei av dei mest spennande landbrukssatsingane i Ørsta for tida, det Nina Viddal er i ferd med å utvikle på Viddal. Her skal ho byggje opp ein vinfarm, og målet er kommersiell produksjon av musserande vin.

Vegen dit er lang og krevjande, men Nina meiner ho er godt i gang. Ho flytta til Viddal i 2015, og brukar no mykje tid ute på markane.

– No er eg i ferd med å plante osp å byten mot naboen ovanfor meg. Det er for å skjerme vinstokkane mot kald dalatrekk frå Viddalsdalen, fortel Nina.

Dei fyrste vinstokkane vart planta ut for to år sidan og i fjor. 555 vinstokkar skal gje druer i år, viss alt går etter planen. Ho har planar om å plante ut inntil ytterlegare 3.000 vinstokkar.

– Kanskje er det meir sannsynleg at eg endar på 2.000, men det veit eg ikkje enno, fortel ho. Rekna om i flasker, har Nina eit mål om å produsere opp i 4.000 flasker med eksklusiv musserande vin frå Viddal når produksjonen er der han skal vere.

Kvar vinstokk kan gje frå ein til tre kilo med druer.

– Eg vil ikkje utnytte vinstokkane maksimalt, for det handlar om kvaliteten på druene, og kor mykje sukker dei kan produsere for gjæringsprosessen, fortel Nina.

Så langt tyder det på at vinstokkane trivst på Viddal. Ho har planta vinstokkar som skal vere hardføre, og tole eit nordisk klima.

For det er ikkje tvil om at Viddal er i yttergrensa for det geografiske området som vinstokkar kan trivast i, og produsere druer med nok sukker og kvalitet som kan gje god vin. Likevel er det mykje som tyder på at produksjon av gode druer vil vere mogleg på Viddal.

– Eg har vore i kontakt med ekspertar som peikar på at det geografiske området for kvar det er mogleg å produsere druer utvidar seg, og det har med klimaendringar å gjere. Tidlegare vart det sagt at nordgrensa gjekk midt i Tyskland, på same breiddegrad som Oxford i England. No vert det sagt at yttergrensa er på breiddegrad som Göteborg. Vi som er i gang med drueproduskjon i Noreg veit at det er endå lenger nord, for det er i gang drueproduksjon andre stader i Noreg, som i Telemark og i Sogn. Viddal vert langt mot nord, men det skal vere mogleg, fortel Nina.

Klimaendringane har allereie fått konsekvensar for mange vinbønder i tradisjonsrike vindistrikt. I Spania har vinstokkar vorte flytta høgare opp i fjella. Tyske og franske vinprodusentar har oppretta drueplantasjar i England.

Når Nina Viddal satsar på musserande vin, har det nettopp med klima å gjere. Druetypane for musserande vin skal ha det kjøligare enn druetypane for t.d. raudvin.

For at ei drue skal kunne produsere nok sukker, er ho avhengig av sol og varme.

– Eg vil nok aldri oppnå den varmen som på sørlegare breiddegrader, men her på Viddal kan vi på sommaren ha opptil nitten timar med sol. Det vil ikkje kompensere fullt ut, men det kan medverke til at druene får godt med sukker, fortel ho.

Når i haust det vert plukking av dei fyrste druene, er uråd å seie. Ho reknar med oktober, og håper då at det ikkje kjem frostnetter før det. Det vil øydeleggje.

Etter kvart vil Nina byggje produksjonslokale i driftsbygningen på garden, og ser fram til å kome i gang med vinproduksjonen. Den fyrste vinen er venteleg klar komande år.

For landbruksnemnda var det nyttig å vitje Nina Viddal.

– Dette er spennande, seier leiar Ola Perry Saure (Sp).