Årsaka er at Det kongelege justis- og beredskapsdepartement ikkje lenger tildeler midlar til ordninga fordi kriteria for å få tildelt midlar er endra.

– Vi har i 2013 fått inn mange gode søknader frå ulike rettshjelpstiltak som rettar seg mot personar og grupper i samfunnet som har det vanskeleg. Fordelingspotten for spesielle rettshjelpstiltak er avgrensa, og det er dessverre ikkje muleg å støtte alle tiltaka som fyller kriteria for å søke. Justis- og beredskapsdepartementet har i år avgjort at ingen kommunar får tilskot til å drive juridisk bistand gjennom offentlege servicekontor, skriv departementet i eit brev til Ørsta kommune.

For vanskelegstilte

Ordninga med tilskot til spesielle rettshjelpstiltak har som førmål å legge til rette for kostnadseffektive rettshjelpstilbod retta mot særleg utsette grupper og menneske i ein spesielt vanskeleg situasjon, som kan oppfatte at terskelen for å oppsøkje ordinær juridisk bistand er høg.

– Vi seier oss svært leie for dette, då ordninga har vore ei veldig nyttig og positiv ordning for innbyggjarane i Ørsta kommune over fleire år, uttalar dei tilsette ved servicekontoret på Ørsta rådhus.

Dei takkar også advokatkontora Gjørtz og Almestad for deira deltaking i ordninga.