Gode vitneobservasjonar førte til at politiet stoppa ein uregistrert bil mellom Ørsta og Volda klokka 00.30 natt til laurdag. Den kvinnelege sjåføren i førtiåra er godt kjent av politiet frå tidlegare. Ho innrømte at ho var påverka av amfetamin. Ho vart teken med til legevakta for ei utvida prøve.