Møre-Nytt sine fire journalistar er mellom dei som då vil verte tekne ut i streik. Streikevarselet gjeld også Sunnmørsposten sine journalistar og Fjordingen på Stryn.

I første omgang er det til saman 102 aviser og nyheitsbyrå har fått beskjed om at dei kan verte tekne ut i streik frå laurdag av.

– Vi bed berre om ei lønsutvikling tilsvarande resten av det norske samfunnet. Journalistane har sakka akterut lønnsmessig i over 10 år. Tilbodet frå arbeidsgivarane sa at vi nok eit år ville verte lønstaparar, så vi hadde ikkje anna val enn å bryte forhandlingane, heiter det frå Norsk Journalistlag sin leiar Thomas Spence på NJ sine heimesider.

MBL er derimot ikkje samde i krava frå NJ.

– NJ tek ikkje innover seg dei monalege utfordringane i bransjen i overgangen til digitale forretningsmodellar og skjerpa konkurranse frå globale aktørar. I tillegg kjem stadig sterkare fall i opplags- og annonseinntekter. Bransjen er ikke i ein posisjon til å kunne imøtekomme så høge lønskrav, seier MBL sin forhandlingsleiar Iselin Bauer Seeberg.

Lista over kven og kor mange som vert tekne ut i streik dersom partane ikkje vert einige fredag, kan du sjå her.