Nettleiga er sett saman av ein fast del (fastledd) og ein variabel del (energiledd). Fastleddet er det same uansett kor mykje straum som blir brukt, medan energileddet varierer med energiforbruket. I tillegg kjem statlege avgifter. I 2014 vil energileddet auke med 2,5 øre/kWh inkl. mva. Total pris for eit gjennomsnittleg hushald inkl. statlege avgifter vert etter endringa 50,49 øre/kWh inkl. mva. Det blir ein årleg auke på 695 kroner, der 195 kroner går til å dekkje den statlege elavgifta. Totalt aukar nettleiga med om lag 7 prosent.

Årleg nettleige

Gjennomsnittsfamilien vil etter auken betale 6.750 kroner i nettleige i året. I tillegg kjem statlege avgifter på 3.348 kroner. Til saman vert årleg nettleige 10.098 kroner for ein gjennomsnittsfamilie med forbruk på 20.000 kWh.

Årsaka til auken

Tussa Nett har redusert nettleiga med 15 prosent sidan orkanen Dagmar i romjula 2011. Under og etter orkanen var mange av nettkundane utan straum. Gjennom stegvis prisreduksjon har alle kundane fått ein kollektiv kompensasjon for ulempene straumbrota medførte. I løpet av 2013 og 2014 vil kundane ha fått tilbakeført 36 millionar kroner gjennom redusert nettleige.