Omgjering av sjukeheimsplassar til omsorgsplassar ved Vartdal Helsetun kan ta fleire år.

Det går fram av eit skriv som stabsleiar Oddvar Marøy i kommunen har sendt til Fylkesmannen.

Som kjent har kommunestyret vedteke at det skal gjerast tilpassingar i helseomsorga ved at ein skal redusere talet på sjukeheimsplassar, og at ein større del av ressursane skal nyttast til heimebasert omsorg, mellom anna gjennom tenester i heildøgnsbemanna bustader. Og det er på Vartdal Helsetun endringane skal utførast då der frå før er etablert bufellesskap.

Søknad

– Ei endring i driftsform vil krevje behov for avheimling av eksisterande sjukeheimsplassar og omgjering etter søknad til Husbanken, seier Marøy.

Omgjeringa er tenkt gjennomført stegvis slik at pasientar som er tildelt langtidsplass i sjukeheimsavdelinga beheld tilbodet sitt, og at tiltaket vert gjennomført i dei romma som vert ledige.

Fleire år

– Vi erkjenner at dette kan ta fleire år. Det kan likevel verte aktuelt å tilby pasientar å endre tilbodet frå sjukeheim til heildøgnsbmanna bufellesskap, men det vert ikkje vurdert som aktuelt å gjere dette utan at pasienten sjølv ønskjer ei slik omgjering, fortel Oddvar Marøy.

Han gjer det klart at ein slik framgangsmåte vil bety at ledige plassar i sjukeheimsavdelinga får endra status og at søkjarar som har behov for heildøgnstenester kan bydast tenester i bufellesskapet.

– Det er ei målsetjing at hjelpebehovet for dei som skal bu i bufellesskapet skal vere lågare enn i sjukeheim. For å nå ei slik målsetjing, må dei andre sjukeheimsavdelingane og heimetenestenemed kvardagsrehabilitering også nå målsetjingane sine med si spesialisering, seier stabsleiar Oddvar Marøy til Fylkesmannen.

Tildelt

Bebuarane i bufellesskapet på Vartdal vil få tildelt bustad som vert handsama på same måte som for andre omsorgsbustader.

– Heimesjukepleie og praktisk bistand vert vurdert individuelt med eige vedtak, men organiseringa av tenestene vil vere fleksible ut frå behov. Driftsforma vil i noko grad likne institusjonstilbod.