I løpet av hausten har meir enn sju tusen passasjerar vore i land på Urke, der dei har fått tilbod om busstur i distriktet eller å sjå seg om i bygda og handle på kafeen i Kaihuset. Mange frivillige står bak velkomstapparatet på land, så måndag inviterte Hurtigruten bygdefolket til sjøs.

Samstundes vart bebuarane på Hjørundfjordheimen invitert ut for å sjå nærare på båtane som passerer sjukeheimen dagleg.

Lunsj og dessert

Skyssbåtkaptein Oddvar Olsen frakta damene trygt ut til «Trollfjord», der dei vart tekne godt i mot av mannskapet der. Om bord venta det lunsj og dessert med panoramautsikt mot Hjørundfjorden.

Petrine Sveen (100) syntest det var strålande å få kome om bord og sjå innsida av hurtigruteskipet.

– Dette var flott for ein hundreåring. Eg har tidlegare teke hurtigruta til Tromsø, men det er lenge sidan, og det var ikkje så flått som no, sa ho.

– Kva synest du om at Hurtigruten no kjem til Hjørundfjorden?

– Det er rart at dei kjem hit. Det er ein liten plass med høge fjell. Men det er vel det turistane vil sjå. Sjølv er eg ikkje så glad i fjell, seier Sveen, som har budd på Kvistad i 70 år.

For mange var dei eit sterkt inntrykk å få kome opp på panoramadekket fremst i skipet, då det låg med baugen inn mot Øye. Der var det ei eineståande utsikt til gamle, kjende grender.

Stor oppleving

Tilsett Ann-Helen Urkegjerde på Hjørundfjordheimen rosa tiltaket.

– Vi set veldig stor pris på å få gjere slikt. Det er ei stor oppleving for mange, og ein variasjon i kvardagen. Fleire av bebuarane har aldri vore om bord i ei hurtigrute før, sa ho.

Dei gamle fjell i syningom, sett frå panoramadekket på "Trollfjord".
Om bord på hurtigruta vanka det lunsj og dessert for bebuarane på Hjørundfjordheimen.