Sissel blomster flyttar inn i Ørsta torg, og opnar lokala torsdag. Onsdag var elevar blomsterdekoratørlina på plass for å hjelpe til med å gjere butikken klar.

– Det er flott at vi får sleppe til, og det er ei mulegheit til å kome ut og få praksis. Her må det gå fort. Blomster er ferskvare som må fort ut, og så kjem det nytt inn. Ein må vere rask på labben, seier lærar Perdis Dankertsen.

Sissel Andenes skil no blomsterdelen frå kle og interiør ved å opne butikk i Ørsta torg, og er glad for å kunne samarbeide med blomsterdekoratørlina.

– Elevane er her for å hjelpe til med å gjere butikken ferdig før opning. No er det snart Valentins dag, og då passar det at elevane får gjere det ekstra hjerteleg her. Vi har eit godt samarbeid med Ørsta vgs., og det skal vi halde fram med, seier Andenes.

Blomsterdekoratørlina ved Ørsta vgs. har eksistert i 17 år. Mange av dei tidlegare elevane driv butikkar i dag, og Dankertsen tykkjer det er viktig å støtte opp om faghandlarane.

– Dei gjer ein kjempeinnsats for Ørsta, og som ørstingane må sette pris på.