Ørsta formannskap rår kommunestyret til å sette gebyret for falske brannalarmar til 5.000 kroner. Dette er ein auke på 500 kroner. Summer er sett ut frå kva kostnader brannvernet faktisk har i gjennomsnitt for kvar utrykking. Gebyret gjeld uansett kva tid på døgnet det er utrykking. Ut frå snittet siste åra er det i overkant av 20 slike utrykkingar kvart år. Utrykking vil ofte vere avgrensa til at den som har brannvakt avklarer om det er ein unødig alarm, men det kan skje at det vert utrykking av vaktlaget. Brannavdelinga opplyser at gebyret er preventivt, og at det som tidlegare var «plagsamt mange utrykkingar til skular», no nærast ikkje skjer lenger.