Laurdag

00.10 - Volda: Politiet tok nokre menn i 30-åra i å urinere på offentleg stad. For dette vert dei meld.

01.40 - Volda: Ein bil som er mistenkt for å ha stått bak burning i Volda sentrum vart stoppa av patruljen. Dekka på bilen var heilt tynnslitte. Dette førte til kverrsetting av førarkortet.

Søndag

02.40 - Volda: Politiet fekk melding om mykje støy frå ein fest. Patruljen fekk avslutta festen.

03.00 - Volda: I samband med ein temafest i Volda vart ein leikepistol kverrsett.

03.10 - Ørsta: Politiet får fleire meldingar om slåstkampar i sentrum. Patruljen fjernar fleire av kamphanane frå staden. Saka vert etterforska og meld.

03.10 - Volda: Patruljen får melding om at ein fest i ein bustad i Volda har utvikla seg, og husverten har mista kontrollen over kor mange som badar i badestampen sin. Grunna fleire hasteoppdrag for politiet på same tid, rakk dei ikkje fram før det hadde gått ei stund. Då hadde festløvene forlatt staden.

03.35 - Volda: Eit par som krangla høglydt om sjalusi fekk patruljen til å rykke ut til staden. Ingen av dei to var skadd, men politiet fann mindre mengder narkotika på staden. For dette vert dei meld.