Med 44 regndagar i juni og juli, er det ingen som kan hevde at sommaren 2011 har vore av den strålande sorten.

Sjølv skal vêrsynsar Olav Hauso til kanariøyene og oppleve noko så sjeldant som stabilt vêr, men før den tid tek han seg tid til å gje sine synspunkt på sommaren som aldri kom, og den nærliggjande vinteren.

- Det som er spesielt i år, er at der nesten ikkje har vore opphald i nedbøren, seier Hauso.

Positive

Og medan hytterabeiderane på Bondalseidet gremmer seg over den våte sommaren, gler ungane i Hovdebygda barnehage seg til vinteren.

- Då skal vi ete snø! seier dei.