Generelt vedlikehaldsarbeid gjer at Shell Ørsta vil måtte stengje drivstoffsalet i to til tre veker.

– Arbeidet som går føre seg er generelt vedlikehaldsarbeid stort sett knytt til sluk og drenering. Dette arbeidet inkluderer legging av nye betongplater med sluk til eksisterande oljeutskillarar, skifting av påfyllingsrør, flytting av overvassluk frå truckdieselanlegg, i tillegg til at ein dieseltank vart byttet ut med en ny, seier mediekontakt Alice Bergfall i Shell.

Drivstoffsal

Gravinga starta førre veke for å sette ned ein kum, utan at den normale drifta av stasjonen vart forstyrra. Arbeidet som skal skje vidare gjer at delar av stasjonen no vert stengt.

– Denne veka har vi hovudsakleg tømt tanker og held fram med graving på store deler av området, og stasjonen har derfor vore stengt for sal av drivstoff. Butikken og vaskehall har vore, og vil vere, open i heile anleggsperioden. Drivstoffutsalet vil vere stengt over 2 til 3 veker. Vi beklagar eventuelle ulemper dette skaper for våre kundar, seier Bergfall.