Hans-Olav Myklebust, Ørsta, er foreslått på sjetteplass på Framstegspartiet si liste til fylkestingsvalet i 2015.

Nominasjonsnemnda i Frp kom onsdag med forslaget til fylkestingsliste. Frank Sve, Stranda, toppar lista, medan Hans-Olav Myklebust er foreslått på sjetteplass.

Myklebust er i dag representant for Frp i fylkestinget, og hadde åttandeplassen på lista ved siste val. Frp har i dag åtte mandat i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Jenny Venås frå Volda er foreslått på 16. plass på lista, medan Eilif Halkjelsvik, Volda, er foreslått på 22. plass. Johan Bertel Vartdal, Ørsta, er foreslått på 34. plass og Odd Magne Vinjevoll, Ørsta, er foreslått på 44. plass.

Det er stortingsrepresentant Oskar Grimstad som har vore leiar av nominasjonsnemnda.

Forslaget til dei øvste plassane er slik:

1) Frank Sve, Stranda

2) Margareth Berg, Molde

3) Geir Stenseth, Ålesund

4) Jan Steinar Engeli Johansen, Averøy

5) Cine Finstad Austnes, Haram

6) Hans-Olav Myklebust, Ørsta

7) Stig Rune Andreassen, Sunndal.