– Eg er motivert for oppgåva, og svært glad for å kome inn på fylkestinget. Samstundes er eg lei meg på vegner av Bjørn (Jacobsen), som var Møre og Romsdal SV sin eigentlege fyrstekandidat, og som då ikkje kom inn, seier Opedal.

Årets fylkestingsval stod nemleg for ei lita overrasking då 2.-kandidaten Opedal fekk 464 personrøyster, medan Jacobsen fekk 452, 12 færre røyster enn voldingen.

Sidan SV berre fekk inn ein kandidat ved årets fylkestingsval, vart det dermed Opedal som fekk plassen framfor Jacobsen.

– Eit sjokk

– Det var eit lite sjokk då eg fekk meldinga. Det er svært sjeldan det vert rokeringar på fylkesnivå, og eg var ikkje klar over at det skulle mindre til for å endre fylkeslistene enn stortingslistene, seier Opedal.

Medan sistnemnde lister er nærast umulege å endre, er det nok at berre åtte prosent av veljarane kryssar av for å fremje Opedal sitt kandidatur for å få ei endring.

– Eg skulle no ynskje eg kom inn som nummer to slik Møre og Romsdal SV hadde sett opp lista, men no skal eg jobbe knallhardt for å fremje SV sitt syn på fylkestinget, seier Opedal.

Einsleg svale

Ho løyner ikkje at det kan verte ei stor oppgåve, sidan ho er åleine om å både vere SV’ar og volding i fylkestinget.

– Eg vert nok ein einsleg svale i Molde, men på ei anna side føler eg no eit ekstra sterkt ansvar for å synleggjere partiet mitt. Det vert spesielt viktig å stå på no i ei tid der SV ligg nede for teljing, og er på jakt etter ny politisk leiing.

Opedal seier ho allereie har fokuset retta mot stortingsvalet i 2013, der SV skal prøve å reise seg.

Mange verv

Eit positivt moment som Opedal trekk fram, er at SV i år fekk fleire verv enn dei hadde håpa på.

– Det må vi verkeleg takke veljarane våre for.

Medan Opedal sjølv vert nestleiar i utdanningsutvalet, fekk Jacobsen og 3.-kandidat Line Kalsvik fast plass i kvar sitt hovudutval. Det er enno ikkje avgjort kven av dei to sistnemnde som skal ta på seg verva innan næring og miljø, og kultur.

Skulegang

Opedal sjølv ser lyst på å få jobbe med utdanning.

– Skulegang er eit viktig område for SV, anten det til dømes gjeld kampen mot fråfall, høgare fullføringsrate på vidaregåande, meir praksisretta yrkesliner, desentralisert skulestruktur og tettare samarbeid med næringsliv for å sikre læreplassar. Den politikken som partiet har ført i regjering, vil ein sjå att i fylkestinget, avsluttar Opedal.

I Ørsta vart to kandidatar vald inn på fylkestinget. Hans Olav Myklebust (FrP) stod opphavleg på åttandeplass på lista, men har rykt opp til 4. plass.

Petter Bjørdal (Ap) er også sikra, som 10. mandat.