Barne- og ungerepresentanten i Ørsta kommune ber om at det vert ei fartsgrense på maksimalt 30 km/t i tettstaden Ørsta sentrum. Omsynet til dei gåande og syklande må verte prioritert.

Dette kjem fram i samband med innspela til den nye reguleringsplanen for Ørsta sentrum.

Barne- og ungerepresentant Ingvild Endal poengterer at dette også handlar om helse.

– Det er i kvardagen helsa vert skapt, og det fysiske miljøet legg rammene for kvardagen vår. Eit godt vegnett for gåande og syklande er difor essensielt for at innbyggjarane våre skal velje aktiv transport i kvardagen, heiter det i merknaden.

Barne- og ungerepresentanten er klar på at det må kome eit samanhengande sykkelvegnett som er tydeleg merka, t.d. med ein eigen farge på asfalten.