Ørsta kommune klagar formelt på vedtaket til NVE om å gje Mørenett AS fritak frå leveringsplikta for straum til Raudøya.

NVE gav Mørenett fritak frå dette i mars, og no ankar kommunen på vedtaket.

Grunngjevinga er at Ørsta kommune ser på dette som ei prinsipiell sak, og frykt for presedens for forsyningstryggleiken til andre stader med få bebuarar.

– Liknande situasjonar kan oppstå dersom forsyningsanlegg ikkje vert vedlikehaldne, og det på eit tidspunkt vert naudsynt med store kostnader for større oppgradering, heiter det i klaga.

– Det er då sjølve prinsippet om leveringsplikt Ørsta kommune vil be NVE om å vurdere på nytt. Nettselskapa har ein marknadssituasjon som gjer at ansvaret for straumforsyning må vege tungt, heiter det i klaga.