Måndag ettermiddag, like over klokka 18, starta politiet ein leiteaksjon etter ein sakna mann i området rundt Stryn.

Mannen er i 30-åra, og er heimehøyrande ein anna stad i landet. Det er dei pårørande som har meldt mannen sakna.

Politiet og frivillige leitemannskap er kalt ut. Foto: Thomas Thaule/Fjordingen

– Han sjekka inn på Stryn Camping fredag, og skulle sjekke ut igjen laurdag. Det har han ikkje gjort, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til Sunnmørsposten.

Innsatsleiar frå politiet, Jan Tore Sunde, seier til Fjordingen at status måndag kveld er at 25 personar frå lokalt Røde Kors deltek i søket etter mannen, i tillegg til redningshelikopteret.

Årheimsfjellet ligg sør for Stryn sentrum. Foto: Thomas Thaule/ Fjordingen

Røde Kors i Gloppen er på veg med drone, og ein ekvipasje frå Norske Redningshunder i Sogndal er også på veg, får avisa opplyst måndag kveld i 21-tida. Søket skal halde fram utover kvelden.

Mannskapa leiter i området Årheimsfjellet/Skredfjellet i Loen, då det var der mannen sist hadde kontakt med familien på fredag.

Sunde kom med ei oppdatering til Fjordingen kl. 22.20 måndag. Han seier at søket held fram:

– Redningshelikopteret har gitt seg for kvelden, men det vil bli leita vidare utover kvelden.

– Det er mørkt snart, kor lenge vil de halde fram søket etter den sakna?

– Røde Kors vil halde fram så lenge dei finn det forsvarleg. I tillegg til hunden frå Norske Redningshunder deltek det også ein politihund, seier Sunde.

Klokka 07.10 opplyser Vest Politidistrikt at de ikkje blei leita i natt av HMS-hensyn. No på morgonkvisten trappes søket opp igjen.

– Det var rett og slett for farleg å leite i natt, sier operasjonsleiar Steinar Husvik.

Redningshelikopter deltek også i søket. Foto: Thomas Thaule/ Fjordingen