Kommunal- og regionaldepartementet har så stor tru på prosjektet Studiebygd@ Volda at det er løyvd 2,5 millionar kroner til prosjektet. Politisk rådgjevar Laila Melkevoll (Sp) kom sjølv til Volda onsdag for å formidle nyhenda.

Prosjektet har som mål å gjere Volda og regionen til eit betre vertskap for unge menneske og tilflyttarar. Det er fire målgrupper for prosjektet, det er studentar, innvandrarar, ungdom og tilflyttarar.

Prosjektet skal finne ut kva verkemiddel som skal brukast for å få fleire til å busetje seg i regionen, og det er tenkt satsa innafor tre kjerneområde: digital integrasjon, sosial integrasjon og entreprenørskap.

Region i vekst

– Volda og regionen, som snart vert utvida som følgje av Kvivsvegen, har store mulegheiter. Her skjer mykje, og det er ein region i vekst. Samstundes har vi store utfordringar. Særleg gjeld dette rekruttering. Vi har opplevd at søkjartala til Høgskulen i Volda har gått ned. Vi opplever at særleg unge jenter flyttar ut. Vi risikerer å stå utan fagpersonell til kjerneoppgåver som skulen fortel kultur- og næringssjef Gunnar Andenes om bakgrunnen for prosjektet.

Det vart laga eit forprosjekt som tidlegare ordførar Ragnhild Aarflot Kalland stod bak. Ved årsskiftet lyste departementet ut såkalla bulystmidlar, og det vart straks klart at Studiebygda-prosjektet i Volda ville vere ein aktuell kandidat til midlar frå denne potten. Tre prosjekt i Møre og Romsdal vart tilrådde prosjekt frå fylkeskommunen, og onsdag kom altså Melkevoll og fortalde at Volda-prosjektet får to og ein halv millionar kroner.

Attraktiv

– I Volda ligg føresetnadene til rette for at det kan verte ein attraktiv stad å bu. Det gjeld heile regionen, som i september vert utvida med Kvivsvegen. Vi har tidlegare støtta forprosjektet, og vi ser at høgskulestader som Volda kan verte regionale motorar for å få til vekst og bulyst. Eg håper også at ein gjennom prosjektet kan utveksle erfaringar med andre prosjektdeltakarar, seier Melkevoll.

Ho gler seg til å sjå resultatet i prosjektet i 2014.

Varig

– Som eg håper resulterer i noko varig. Det er mest ein føresetnad for tildelinga, seier Melkevoll.

Sjølv er ho frå Stryn, og legg vekt på det regionale aspektet i prosjektet. Studiebygda Volda handlar ikkje bere om Volda, men hele regionen.

Les meir om saka om papirutgåva torsdag.