– I tilrådinga frå samferdselsjefen heitte det at fylkeskommunen stilte seg positive til at Ålesund, Kristiansund og Molde skulle få bypakkar. Det inneber at det vert laga eigne opplegg for finansiering av gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikk og vegar. Ørsta og Volda har gjort vedtak om ynske om ein slik pakke, og no sluttar gledeleg nok samferdselsutvalet seg til dette, seier Petter Bjørdal (Ap), medlem i samferdselsutvalet.
Ørsta og Volda hadde begge positive vedtak til bypakke etter nyttår, og ynskjer med ein slik pakke å få fortgang i bygginga av Ørstafjordkryssinga og Voldatunnelen.
– I tillegg ser det ut som det er viktig at det i ein slik pakke er med opplegg for gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikk, seier Bjørdal.
Han registrerte på samferdselsutvalsmøtet at det også er interesse for å få med Fosnavåg og Ulsteinvik i slike bypakkar, men for desse to stadene er det ikkje gjort vedtak i kommunane om å vere med i slike pakkar.
Det er fylkestinget som til slutt skal kome med fylkeskommunen si endelege fråsegn i saka.