Lærar Frank Harald Velle på Ørsta ungdomsskule fortel at både lærarar og elevar er klare til å gjere ein innsats for miljøet. Også i fjor var dei ute i fjøra på Raudøya for å rydde rusk og rask i tre dagar.
– Der ute samla vi inn tett på 25 sekker med plast og søppel, pluss ei mengde europallar, bildekk, plastflasker, kanner, oljefat, tønner og særs mykje isopor. Eit gamalt kjøleskap tok vi og med oss i båt frå øya. Vi rydda strandsona til heile den fylkeseigde delen av øya. Skulebåten vår gjekk i skytteltrafikk i arbeidet med å frakte bosset i land på Rjåneset, der VØR henta det, fortel Velle.
Denne våren har skuleavdelinga allereie tjuvstarta ryddearbeidet etter vinteren og Dagmar sine herjingar.
– Ei mengde rotvelta graner er teke ut av granskogen, og noko er alt kløyvd til ved for alle gjestene på Raudøya. Vi har samla greiner, tred, drivved og fyrt ein brising. Fleire traktorlass med tang og tare har vi og raka frå strandsona ved flytebrygga og ved naustet, seier han.
Velle fortel vidare at elevane og lærarane på avdelinga har gjort, og kjem til å halde strandsona ryddig og fin på Raudøya, og oppfordrar VØR til å la dei levere gratis avfall også ved seinare høve.
– Avdelinga ynskjer folk velkomne til øya og denne perla i utløpet av Ørstafjorden i tida framover, men hugs å rydde etter deg, oppmodar Velle.