Setjefiskanlegget i Steinsvika vart bygd på 80-talet, og vart sidan kjøpt opp av Pan Fish og deretter Marine Harvest. No ligg det føre store planar om riving av gamal bygningsmasse, utviding og nybygging.

Størst i landet

Det nye anlegget vert topp moderne, og vil vise godt igjen i bygda. For å gjere plass til ny bygningsmasse skal det gamle oppdrettsanlegget og dei tidlegare lokala til Møre Skofabrikk rivast. På sikt skal også nedlagde Steinsvik skule rivast for å gje plass til ny dyrkamark.

Mot sjøen skal strandlinja fyllast ut opp til 25 meter somme stader for å gje plass til ny bygningsmasse.

Resirkulering av vatn

Regionansvarleg for ferskvatn i Marine Harvest, John-Ivar Sætre opplyser at bygningsperioden er rekna til om lag to år, og vil ha ein kostnadsramme på 170 – 180 millionar kroner. Anlegget vil få konsesjon på 7,5 millionar smolt og vert det største og mest moderne anlegget i landet som nyttar resirkulering av vatn.

Sætre seier at grunnarbeidet truleg vil ta til i haust, og at produksjonen skal kome i gang i løpet av 2014 eller 2015.

I dag arbeider 4–5 personar på anlegget, og Sætre reknar med å minst doble talet på tilsette etter utvidinga.

Regionleiar for ferskvatn i Marine Harvest, John Ivar Sætre, framfor dagens anlegg i Steinsvika.
Slik ser anlegget ut i dag. Den gamle skofabrikken ligg til høgre for settefiskanlegget. Nedlagde Steinsvik skule ligg heilt til høgre i biletkanten.