Det er klare forskjellar på kva folk rundt om i Noreg gir i kollekt på gudstenestene. Kvar deltakar på gudstenestene i Noreg gav i gjennomsnitt 22 kroner og 40 øre i kollekt i fjor. Tilsvarande tal for Ørsta kommune er 33 kroner og 20 øre per deltakar. Då er det lov å slå fast at rausleiken i forhold til kollekt er mykje større i Ørsta enn normalt.

Kollekt i Volda

Gudstenestene i Volda kommune har sjølvsagt også ofringar, og det skal ifølgje rapportane vore samla inn 27 kroner og 70 øre per deltakar i løpet av 2011.

Blir meldt inn

Kyrkjene må innrapportere alle gåver den tek imot frå publikum. Desse blir så framstilte av Statistisk sentralbyrå gjennom Kostra (kommune-stat-rapportering). Det blir også rapportert kor mange personar som deltek på gudstenestene.

Sum per deltakar

Møre-Nytt har i denne saka rekna ut kor mykje kvar faktiske deltakar har gitt i kollekt. Ein person kan sjølvsagt vere deltakar i fleire gudstenester i løpet av året. Det er mange som vil meine at denne utrekninga vil gi eit betre bilete av givargleda blant kyrkjegjengarar, enn å rekne summane på mengda innbyggjarar i kommunen.

I saka vår har vi konsentrert oss om sjølve kollekten (ofringane) under gudstenestene. Her er altså ikkje givartenester og andre innsamlingar medrekna.

Samla i Ørsta

Totalt var det meldt om 19.201 deltakarar på dei 171 gudstenestene som blei gjennomført i Ørsta i fjor. Alt i alt blei det samla inn om lag 637.000 kroner i kollekt, som gjer at vi snakkar om eit gjennomsnitt på 3.727 kroner per gudsteneste i Ørsta.

I tillegg til kollekt/ofringar, så har kyrkja i Ørsta rapportert inn gåver tilsvarande 43.500 kroner i givartenester og 182.000 kroner under fellesomgrepet ”andre innsamlingar”. Ein må ha i minne at desse gåvene også kan spele ei rolle for kva deltakarane spanderer i kollekt.

Snittet i Volda

Det blei arrangert 157 gudstenester i Volda kommune i fjor, viser SSB-tala. Og på desse skal det ha vore 15.723 som møtte opp. Totalsumen i kollektbøssa viste i fjor 435.000 kroner, som gir eit snitt på 2.770 kroner per gudsteneste her.

I tillegg til dette har kyrkja i Volda meldt om pengegåver på 65.000 kroner i form av givartenester, og 79.000 kroner under andre innsamlingar.

Mest i sør

På landsbasis ser vi at det er kyrkjegjengarar i Østfold, Buskerud, Vestfold, Agder-fylka, heile Vestlandet samt Sør-Trøndelag som gir mest i kollekt. Dei mest gjerrige finn vi i Hedmark, Oppland og frå Nord-Trøndelag og nordover.

Utvikling siste år

Pengemengda i kollektposen har auka mykje i Ørsta-kyrkjene det siste året. I forhold til året før blei det nemleg samla inn om lag 103.000 kroner meir i kollekt.

I Volda kommune har beløpet auka med 4.000 kroner frå 2010 til 2011.