Kvinna hadde skadd foten sin på skitur og trengde bistand for å kome seg ned.

– Vi rykte ut med sju mann og stilte med både ski og pulk og snøskuter fordi vi var usikre på føret. Det var tung kramsnø, men vi kom oss både opp og ned med skuteren, fortel Børulf Lefdal i hjelpekorpset.

Kvinna var i området ved den såkalla firkanthaugen, eit stykke bak Standalhytta. Det var fire personar i turfølgjet.

Vel nede vart kvinna frakta til Volda i ambulanse.