Det seier fungerande ordførar i Volda, Eivind Nævdal-Bolstad (H).

Møte

Måndag vart det halde møte i Volda mellom m.a. politikarar og Statens vegvesen i høve prosessen med Volda-tunnelen. Her kom det fram det som allereie er kjent, at vegvesenet varslar bompengar i Volda som einaste mulegheit for den raskaste realiseringa av tunnelen som vegvesenet vil skal knytast med rundkøyringa i Furene.

Det er ikkje på plass ei krone til tunnelbygging i den neste nasjonale transportplanen. Dette inneber at det vil gå mange år før staten kan koste ein tunnel. Og då er det altså trafikantane sjølve som må betale for å kome seg gjennom fjellet mellom Volda og Ørsta. Men også dette ligg eit stykke fram. Difor planlegg no vegvesenet tiltak for å gjere trafikkavviklinga gjennom Volda sentrum best muleg etter trafikkauken som følgje av opninga av Kvivsvegen i haust.

Ikkje starta

Kvivsvegen opnar i september og framleis er det ikkje sett i gang arbeid i Volda sentrum. Fungerande Volda-ordførar, Eivind Nævdal-Bolstad (H), meiner det hastar med å kome i gang med dette arbeidet.

– Opninga av Kviven er først og fremst ei enormt positiv hending for både Volda og for regionen vår. Det gjev oss nye mulegheiter for utvikling, men samtidig gir det oss utfordringar, seier Nævdal-Bolstad.

– Når det gjeld trafikkavviklinga gjennom sentrum, så har vi lenge vore i en god dialog med vegvesenet, og det er lova tiltak som skal på plass innan opninga 22. september. Det gjeld særleg tre tiltak; oppheva gangfelt, lyssetjing og skilting i Volda.

Industrigata

I tillegg meiner ordføraren at krysset ved Industrigata må rustast opp og utvidast, slik at tungtrafikken får betre køyreforhold.

– Her har vi lenge peika på ei mogleg løysing med ny rundkøyring. Dette er også drøfta med vegvesenet. Dei har teke på seg ansvaret for å regulere området, og kome med ulike alternativ for ei framtidig god løysing for trafikken, fortel Nævdal-Bolstad.

Vegvesenet har ifølgje ordføraren lova at tiltaka skal vere på plass før Kviven opnar.

Rundkøyring

Når det gjeld den framtidige Voldatunnelen, har Statens vegvesen lagt klare føringar for at traseen for tunnelen må tilknytast dagens rundkøyring i Furene. Vegvesenet har allereie varsla motsegn mot det andre alternativet som handlar om ei ny rundkøyring i retning Torvmyrvegen. Saka er no ute på høyring, med høyringsfrist 15. august.

– I løpet av hausten vil kommunestyret ta endeleg stilling til dei ulike alternativa. Eg vil avvente høyringssvaret før eg og Volda Høgre konkluderer i dette spørsmålet, fortel fungerande ordførar i Volda, Eivind Nævdal-Bolstad (H).

Fungerande ordførar i Volda, Eivind Nævdal-Bolstad (H), meiner det snarast må setjast i gang tiltak som betrar trafikkflyten i Volda sentrum.