Teljingane går føre seg frå midnatt og fram mot klokka 06.00 i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Ørsta og Volda. Teljingane vert organisert lokalt i kvar kommune.

– Teljingane vert utført med systematisk søk over all innmark. Under teljinga vert det brukt eit kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene, melder landbrukssjef Anne Kathrine Løberg.

Resultatet av teljingane er med på å gi eit godt faktagrunnlag for korleis forvalte hjortestamma på Søre Sunnmøre.