Ein betongbil køyrde av vegen ved E39 ved Festøya , om lag klokka 17.45 tysdag. Bilen var på veg mot ferjekaia, og ser ut til å ha fått hjula utanfor vegbanen. Dermed hamna bilen i grøfta, på den sida som vender inn mot fjellet.

Bilen låg delvis ute i vegen, og det var manuell dirigering på staden.

Ulykka skjedde på strekninga mellom Barstadvik og Festøy.

Det var føraren sjølv som melde frå om ulykka, og politiet skriv på Twitter at førar verkar å vere uskadd.

Ambulansepersonellet vel likevel å ta med seg førar til legevakt for ein sjekk.

Betongbilen køyrde av vegen på strekninga mellom Barstadvik og Festøy. Foto: Svein Aam