– Det let seg høyre når kommunar som Ørsta til dømes, rett ut frå Robeklista – for 2017 set av fem millionar kroner til flaskehalsutbetring. I dialog med skognæringa spør dei også om innspel, fordi dei prøver å finne midlar for fem nye millionar til same føremål for 2018, seier Fylkesmannen nøgd.

Han kjem med ein statusrapport i samband med prosjektet som har fokus på å registrere og få utbetra flaskehalsar for tømmertransporten i kommunane i fylket. Fylkesmannen konstaterer at prosjektet har gitt gode resultat.

– Prosjektet har ført til oppgradering av mange strekningar, men mykje står att. Oppgraderingane fører til meir effektiv tømmertransport, med færre turar, seier Fylkesmannen.

Prosjektet registrering av flaskehalsar går mot slutten. Gjennom seks møte var om lag 20 personar med vegansvar i kommunane av 50 deltakarar på møta. Statens vegvesen, Skogbrukets kursinstitutt og Fylkesmannen har køyrt same programmet på to møte i alle fogderi.

Diskusjonar

– Dialogen har vore god. Det har til tider vore diskusjonar og utgreiingar om ansvar og kostnader, i tillegg til at vi i skognæringa føler vi har blitt godt mottekne med både behov og «krav», for ein bransje som stadig syner seg i fleire kommunar, seier Fylkesmannen.

Veglista og innmelde endringar har vore ein slags fasit på kva som er oppnådd gjennom prosjektet, og første frist var innmelde endringar til revisjon av veglista 1. april 2017.

– Vi er ikkje i mål her i fylket, men har fått ei dobling i kilometer kommunale vegar godkjende for tømmervogntog (19,5 meter og 50 tonn), frå om lag 23 prosent sommaren 2016 til 46 prosent i dag.

Tala kan sjølvsagt diskuterast, og kva for vegar, men i sum har 1.380 av fylkets 2.987 kilometer med kommunale vegar ei bruksklasse tømmervogntog med hengar kan nytte. Nokre kommunar var tidleg ute med endringar, og fekk dei inn til veglisterevideringa i oktober i fjor, noko som vitnar om god jobbing frå fleire enn berre prosjektgruppa. Statens vegvesen med ansvar for fylkes- og riksvegar har opna mange av bruene, som vart stengde hausten 2015. Nokre få må utbetrast, men 97 prosent av fylkesvegnettet er ope for 50 tonns vogntog, konstaterer Fylkesmannen nøgd.