– Vi håper tiltaka skal betre trafikktryggleiken for dei mange skuleelevane i dette området, seier seksjonsleiar for skule, Kirsti Øy Driveklepp og prosjektingeniør Dag Jarle Aa i Ørsta kommune.
Etter at vegvesenet no har godkjent den nye skiltplanen for Holmegata og Anders Hovden-gata, kom det denne veka nye skilt for desse gatene. Den endringa som dei køyrande vil merke mest er at forkøyrsreguleringa i Anders Hovden-gata no er fjerna. I tillegg er fartsgrensa i Anders Hovden-gata og Holmegata sett ned frå 50 til 40 km/t. For å få redusert farta skal det også kome tre nye fartshumpar i Anders Hovden-gata i tillegg til ei fartshump på kvar side av yrkesskulekrysset i Holmegata. Det skal også byggjast ei fartshump i fotgjengarovergangen ved Shell-stasjonen.
Veidekke
– Etter planen skal Veidekke lage dei nye fartshumpane i neste veke, fortel Dag Jarle Aa som er prosjektingeniør for tekniske tenester i kommunen.
Både han og seksjonsleiaren for skulane, Kirsti Øy Driveklepp, har gode voner for at den nye skiltplanen skal gjere det tryggare for dei mjuke trafikantane, born og ungdom, å ferdast i dei to gatene. Driveklepp viser til at det dagleg ferdast over tusen skuleelevar i området yrkesskulen, elevar som går på Ørsta ungdomsskule, Velle skule og Ørsta vidaregåande.
– Etter at den nye skiltplanen tok til å gjelde i fjor haust, ein plan som vart vedteken allereie i 2010, med innføring av forkøyrsveg for Anders Hovden-gata, endra trafikkbildet seg mykje negativt. Då auka farta og trafikken i Anders Hovden-gata, og det oppstod eit langt farlegare trafikkbilde. Eg observerte trafikken fleire gonger og var livredd for at det skulle skje ulykker. Mellom anna var det fullstendig kaos ved Velle skule i samband med at foreldre køyrde ungane sine til skulen. Trafikken var så høg at folk kom seg ikkje ut att på Anders Hovden-gata frå Velle skule, og nokre parkerte difor i gata, fortel Driveklepp.
Ho gjer det klart at ho som øvste ansvarleg for skulane og elevane har ei einaste rettesnor: Elevane sitt beste og tryggleiken for desse. Difor er ho glad for alle tiltak som kan sikre elevane ein mest mogleg trygg skuleveg.
Dag Jarle Aa og Kirsti Øy Driveklepp har ei stor oppmoding:
– Bruk ikkje Anders Hovden-gata som ein snarveg mot Mosmarka, Dalane og Volda – og mellom E39 og fylkesveg 655! Denne gata er primært ei gate til funksjonar som ligg i denne gata, minner Aa og Driveklepp om.
Nøgd
Sjåførlærar Anne Lise Masdal er glad for at det har kome ny skiltplan for Holmegata og Anders Hovden-gata. Ho jobbar på trafikkskulen som ligg ved krysset for desse gatene. Og Masdal har også registrert ei negativ utvikling for trafikken i området.
– Men eg hadde også sett at det vart skilta med 30 km/t i desse gatene, seier Masdal.
– Skilting til 30 km/t har vore diskutert, men vegvesenet frårådde dette fordi lågare fartsgrense ville føre til meir blanda trafikk i vegbana. Vegvesenet frykta at fotgjengarar ville ha kryssa vegen utanfor fotgjengarfelta og ikkje ville ha nytta fortaua i like stor grad som før, fortel Dag Jarle Aa.
Til hausten vert det lagt fram ei kommunal sak om Ørsta-skulane si framtid. Eit av alternativa er å etablere ny skule på området Velle, og rive den gamle yrkesskulen.
– Vert dette alternativet valt, må Anders Hovden-gata stengjast for trafikk frå krysset og ned til E39, meiner Kirsti Øy Driveklepp.