Fire kjente profilar frå mediebransjen går saman og startar Maverix, eit nytt fullservice reklamebyrå og produksjonsselskap for tv og strøyming. Gründerane i Maverix er Linda Nordheim, Arne Hjeltnes, Paal Tarjei Aasheim og Jan Ove Årsæther.

– Det er utruleg moro å endeleg kunne fortelje om kva vi skal og kven vi er. Det har vore jobba hardt gjennom hausten for å stable dette på beina. No er vi endeleg i gang og vi merkar allereie at den samla kompetansen skaper dynamitt, seier Jan Ove Årsæther.

– Vi har kompetanse gjennom hele kjeda i kommunikasjon, frå journalistikk og sosiale medium til strategi og alle former for innhald, og har store ambisjonar, seier Linda Nordheim, som nyleg sa opp som toppleiar i McCann.

Alle fire skal eige og jobbe i Maverix. Produksjonen er i full gang, og fleire selskap er allereie inne på kundelisten.

– Det er utruleg moro å vere i gang med eige selskap. Det utløyser fantastisk mykje god energi og vi kjem til å vere kreative som aldri før. Dette har eg drøymt om lenge, fortel Paal Tarjei Aasheim, som også nettopp har slutta i McCann.

Arne Hjeltnes har jobba ti år som sjef i Creuna, men går nå inn i tv-delen av Maverix for fullt.

– Timingen her var fantastisk god og eg sa ja på flekken. Dette blir eit kjempespennande selskap med unik kompetanse. Det at vi kan tilby både redaksjonell, journalistisk, strategisk og kommunikasjonsfagleg kompetanse gir oss et sterkt fortrinn, seier Hjeltnes.

Selskapet held til i start up-lokalet Mesh midt i Oslo sentrum. Namnet Maverix spelar på maverick-omgrepet, som er definisjonen på ein som skil seg ut, lagar sine eigne reglar og går sine eigne vegar.

– Akkurat no arbeider vi dag og natt. Sjølv om vi ikkje har lansert selskapet før no, har vi ei rekkje oppdrag. Første filmproduksjon startar torsdag, fortel Årsæther.