Framlegget handlar om forkøyrsregulering av fylkesveg 45 Vikebygdvegen i Volda kommune og Krøvelseidet i Ørsta kommune.

– Som eit ledd i å tydeleggjere tilhøvet kring vikeplikta i vegkryss og trygge og betre

trafikkavviklinga på hovud- og samlevegane våre, har Statens vegvesen utarbeidd ei oversikt over fylkesvegar som er aktuelle å regulere til forkøyrsveg. Sidan oversikta vart utarbeidd i 2014 har fylkeskommunen ikkje funne rom for å budsjettere dei nødvendige midlane til skilting, merking og eventuelt kryssutbetring.

Det seier seksjonssjef Elisabeth Mansfield i vegvesenet.

– Ørsta kommune er i ferd med å flytte eit av vegkryssa langs fv. 45 og ønskjer å trygge

krysset ved å forkøyrsregulere ei strekning på om lag 1,1 km. For at det ikkje skal stå att berre nokre få kryss med høgreregel, vil Statens vegvesen kome med

framlegg om å forkøyrsregulere dei siste seks kryssa. Skiltinga vil kunne bli finansiert over vårt driftsbudsjett, seier Mansfield.

Saka er sendt på høyring.