– Dette er ei skikkeleg julegåve og eit scoop for oss. At vi får Eldar Sætre til Ørsta er med på å sette standaren for konferansen, og vi løftar oss endå eit hakk opp frå tidlegare år, seier Odd Magne Vinjevoll, Olav Sindre Kriken, Knut Olav Standal, Einar Holsvik og Sigrun Heltne Vartdal i arrangørnemnda for Næringskonferansen.

Sætre er frå Vartdal, men er i dag busett i Sandnes. Han er utdanna siviløkonom og byrja å jobbe i Statoil i 1980. Frå 2003 til 2010 var han visepresident og finansdirektør i selskapet Frå 2011 til 2014 var han konserndirektør for marknadsføring, prosessering og fornybar energi. 15. oktober 2014 vart han tilsett som konsernsjef i Statoil ASA.

– Eldar Sætre er konsernsjef for det som kanskje er Noreg sitt mest spennande selskap, og vil truleg gå inn på tema som ny energi og grøn energi. I år har vi toppa programmet for Næringskonferansen, og vi satsar på at det vert både fullt hus og rekorddeltaking.

Konferanse for sjette gong

Næringskonferansen Søre Sunnmøre går inn i sitt sjette år, og den har funne sin mal.

– Næringskonferansen har kome for å bli. Det er ein møteplass som folk må vere på. Det har vi sett på billettsalet tidlegare år. Ofte har det vore utselt i januar og februar, og konferansen er i mars.

Arrangørnemnda: F.v. Odd Magne Vinjevoll, Olav Sindre Kriken, Sigrun Heltne Vartdal, Knut Olav Standal og Einar Holsvik. Foto: Joachim Åsebø