– Det vart ein halvtimnes slit for å få laksen på land. Ein svensk joggar stoppa og hjelpte meg, fortel lakseentusiast Aam nøgd.

Den største

Fangsten på 10 kilo er den største laksen Svein Aam har fiska i Bondalselva sidan han som gutunge i 1972 debuterte med å fiske der.

– Eg tok han i den fine Frøland-sona, oppom Kvistad-brua. Elva var passeleg stor. Sjølv om fisket generelt har vore labert, har eg heile tida hatt tru på at det skulle gå stor fisk opp i elvane. Eg spår at det kjem til å verte teke ein del laks med storleik framover, seier Aam.

Fiska mykje

Ikkje overraskande har han fiska svært mykje etter at laksefisket opna i juni. Og sjølv om Aam har fått ganske mykje fisk, både pjakk og laks i Ørstaelva, har han også hatt mange dagar utan å få noko.

– Eg fiska i 10 dagar utan å få napp, men eg gav meg ikkje, og heldt ut medan dei andre gjekk heim att. No har eg har fått løn for å ha tolmod, smiler Aam, til dagleg journalist i Sunnmørsposten. Han har ikkje mist ein einaste fisk som har bite på kroken, noko Aam karakteriserer som litt flaks.

Han held korta tett når det gjeld kva han fiskar med.

– Det er det fisken bit på, anten sluk eller makk.

Ein storlaks til

Tysdag vart det også landa ein laks på 9,3 kilo i Bondalselva. Og no kan det sjå ut som at det er gode sjansar for at fisket vil ta seg opp, og at stor laks vil vere å observere i elvane, vurderer den røynde laksefiskaren. For det har gått opp ein del fisk i elvane siste dagane.

– Havforskarane seier det er gode forhold for stor laks i havet no, og at beiteforholda favoriserer stor fisk i kampen om planktonet.

Sjølv om årets laksefiske vert karakterisert som svakt, minner Svein Aam om at det ikkje er lenge sidan det vart fiska endå dårlegare.

– Dei tre siste åra har det vore bra fiske, men før det var det eit par år med endå dårlegare fiske enn i år. Og det vil alltid kome gode og dårlege lakseår. Eg støttar fullt og heilt restriksjonane i dei lokale elvane. Kanskje ein må vurdere endå strengare tiltak for å halde oppe laksebestanden, vurderer Aam.