I grunngjevinga heiter det at Standal knuseverk AS på Standal i Ørsta kommune har bidrege til å redusere klimagassutsleppa i transportsektoren, og til å få godstransport over på kjøl, ved å bygge nytt veg og kaianlegg til bedrifta. På den måten har dei halvert kjørelengda og utsleppa. Dei har gjort fleire tiltak for å skjerme busetnaden, redusere miljøbelastinga frå foretaket, og medverka til betre miljøtilstand i lokale vassdrag.

Prisen er ein diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000,-.