Clausen er Noregs største produsent av jaktfilmar frå inn- og utland. Rev, hjort, bjørn, storfugl og elg er berre nokre av dyra som jegeren har laga filmar om. No skal ørstingane og voldingane få ein smakebit av produksjonane.

– Vinteren er litt dødtid for oss jegerane, så vi tenkte vi skulle live opp litt ved å invitere Clausen, seier nestleiar Stig Petter Hovde i Ørsta Jeger og Fiskarforeining.

Lokkejakt

Clausen har også mykje kunnskap om lokkejakt, så dei frammøtte kan nok plukke opp nokre tips og triks når det gjeld denne jaktforma.

Arrangementet er ope for alle, og finn stad i auditoriet i Aasen-tunet.

Onsdagsbørs

Ørsta Jeger og Fiskeforeining tel i dag 130 medlemmer. Den siste tida har laget auka aktiviteten med m.a. eiga Facebookgruppe og fast «onsdagsbørs» på Laksetunet.

– Det har vore bra oppmøte på børsane. Laget har fått eit løft no, og det har kome ein del yngre medlemmer som vil vere med og ta i eit tak, seier Hovde.