Ein mann i 30-åra sette samarbeidet mellom politidistrikta på ei stor prøve natt til torsdag melder Bergens Tidende. Ein kvit Mitsubishi vart stole onsdag ettermiddag i Volda. Om kvelden vart bilen og mannen observert i Stryn. Politiet i Sogn og Fjordane fekk kjenneteikna på bilen, og fekk kontakt med bileigar. Det visste seg at vedkommande var busett i Volda, og bilen var stolen same ettermiddag. Politiet i Sogn og Fjordane tok kontakt med nabodistrikta, og bad dei om å vere på utkikk etter bilen. I tre tida natt til torsdag vart mannen stoppa på Vinstra av ei politipatrulje i Gudbrandsdalen politidistrikt. Ifølgje avisa hadde mannen stoppa minst ein gong på turen før han vart arrestert av politiet.

Stal campingvogn

Operasjonsleiar Ann Karin Sundgården i Gudbrandsdalen politidistrikt seier til Bergens Tidende at mannen hadde med seg ei campingvogn, som han truleg hadde stole i Skjåk. Det vert også opplyst at arrestasjonen av mannen skjedde utan dramatikk.

Mannen i 30-åra kunne ikkje vise fram førarkort då han vart stoppa av politiet. I tillegg var han tydeleg rusa, og på meir enn alkohol. Til BT seier Sundgården at mannen skal avhøyrast i løpet av torsdag, og at han er sikta for tjuveri av bil og campingvogn. I tillegg til køyring i rusa tilstand, og utan førarkort.

– Han har ikkje fortalt noko om kva han heldt på med. Så får vi sjå om det kjem fram noko meir i avhør.

– Det er mange mil, og han har utsett andre bilistar for fare. Det er berre flaks at det ikkje skjedde nokon ulykker, seier Sundgården til Bergens Tidende.