Det einaste du treng gjere, er å melde deg på. Dagleg leiar Hege Karete Hamre er stolt av bedrifta ho leier. Ho vil gjerne gi alle interesserte “ein smak av Furene”:

– Velkomen til ein innhaldsrik og spennande dag på Furene. Vi har sett av fredag 18. oktober til å feire oss sjølve. Furene er 40 år, og dette skal vi markere for våre tilsette, samarbeidspartnarar, kundar og interesserte elles, smiler Hamre, som understrekar at dei som ikkje ønskjer å ta del i alle aktivitetane som bedrifta byr på denne dagen, kan velje å vere med berre på omvisinga.

Påfyll av kunnskap

– Vi ønskjer å fortelje om breidda vår, og det vi driv med. Vi er jo ein nokså stor arbeidsgivar i Volda. Vi ønskjer at publikum skal bli endå betre kjende med bedrifta og få kjennskap til noko av det vi driv med i dag. Set av ein halv dag til gratis inspirasjon, påfyll av kunnskap og eit godt måltid. Ta gjerne med ein kollega, appellerer Hamre, som byr på både frukostseminar og lunsjseminar denne fredagen, der Furene byr på følgjande program: * Data: Jobb smartare med Office. Her kan du få enkle tips for ein betre arbeidskvardag med Microsoft Office. * Pust: stressmeistring. Bedrifta tilbyr deg ein smakebit av “mindfulness” som verkty for å meistre stress. * Teambuilding: Her dreier det seg om lagaktivitet der konkurranseinstinktet blir lokka fram med utfordringar for hjernebarken; evne til samarbeid, kreativitet og logisk tenking. * Motivasjon – “fish”: Her gjeld det å lære seg å la jobben bli ein leik – og skape motivasjon.

Fest for tilsette

Fest, jubileumshefte og film Fredag kveld feirar Furene seg sjølv og 40-årsjubileet med fest for tilsette og innbodne gjester. I tillegg gir bedrifta ut eit jubileumshefte og har laga film i samband med jubileet. Det er byrået Fantastiske Osberget i Ulsteinvik som har produsert både hefte og film, og forfattar av jubileumsskriftet er avismannen Asle Geir Widnes Johansen.

– Vi har valt å slå litt på stortromma i samband med dette jubileet. Sjølvsagt veit vi at stiftingsmøtet for Volda Industri AS var i 1971. Men det var i 1973 at den første tilsette, disponent Trygve Brune, var på plass og starta arbeidet med å planlegge og finansiere det bygget som skulle bli Volda Industri, som bedrifta vår heitte den gongen, seier dagleg leiar Hamre, som legg til:

– Vi veit at synet på yrkeshemma i arbeidslivet endra seg fram mot midten av det 20. hundreåret. Krigsinvalidane hadde sitt å seie, og skiftande regjeringar var pådrivarar i arbeidet med å få til sysselsetjingsordningar for delvis arbeidsuføre. Dette påverka pionerane her i området til å ta det initiativet som til slutt skulle føre til at bedrifta Volda Industri AS, seinare Furene AS. Folk som står utanfor, skal inn Hamre legg ikkje skjul på at det har runne mykje vatn i havet dei 40 åra sidan 1973. Jubileumsheftet avspeglar den utviklinga bedrifta har gått igjennom frå den spede starten på det tidlege 1970-talet. Samfunnet har endra seg, oppgåvene til Furene har endra seg, og truleg har menneska også endra seg, i alle fall innstillinga og metodane som no blir nytta for å få menneske som står utanfor, inn i arbeidslivet igjen; kartlegge evner og motivasjon, legge til rette for læring, finne eit startpunkt, og la menneske blomstre.