Bonde Kjetil Myklebust i Follestaddalen tek framtida med stor ro. Han har trua på landbruket.
I fjøsen har Kjetil Myklebust 20 vinterfôra sauer. Dei ventar på varmare dagar. Eit besøk av ein vær har også gitt resultat, og i april vert talet på sau truleg dobla.