Ferske tal frå NAV viser at det i dag er 48 menn og 42 kvinner, totalt 90 personar, som står utan arbeid i Ørsta. Dette utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

I Volda er det totalt 76 personar utan arbeid, 51 menn og 25 kvinner. Også dette utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

Forskjellane frå april til mai viser at det i Ørsta er ti færre utan arbeid i dag enn det var i april, og fjorten færre i Volda.

To prosent i fylket

I Møre og Romsdal er to prosent utan arbeid, men fylkesdirektør i#<\p>NAV Møre og Romsdal, Stein Veland, reknar med at den faktiske arbeidsløysa vil falle gjennom dei komande månadene, og at det alt neste månad vil vere ei arbeidsløyse på under to prosent.

I landet er det 68.644 personar som er heilt ledige. Dette er 2,6 prosent av arbeidsstyrken.