Eit samrøystes formannskap har vedteke ikkje å anke dommen i Harry Moe-saka. Dermed aksepterer Ørsta kommune tingrettsdommen om at det ikkje eksisterer nokon avtale eller heimel om å ta noko av grunnen til Moe i bruk til vegbygging til Øvre Mo-feltet.

Vil oreigne etterkvart

Likevel, kommunen gjev ikkje opp arbeidet med å sikre seg denne grunnen til vegføremål. Formannskapet som planutval vedtok nemleg også tysdag at det skal setjast i gang ein ny planprosess for området. Føremålet er å få vedteke ein ny reguleringsplan, og med ein ny reguleringsplan vil kommune ha heimel til å oreigne området.

– Rådmannen vil tilrå at det at det vert sett i gang arbeid med ny reguleringsplan for området. Dette på grunn av at det vil vere svært viktige samfunnsomsyn som gjer det naudsynt å sikre ein forsvarleg tilkomst til delar av bustadfeltet på Øvre Mo som er under utbygging, heiter det i saksutgreiinga som formannskapet fekk på bordet tysdag.

I formannskapet var det ingen debatt om sjølve tilrådinga, men om saka skulle til kommunestyret eller ikkje. Formannskapet kom til at det vart gjort vedtak om å be om ein ny planprosess der og då.

Ikkje anke

Når det gjeld sjølve rettssaka, var rådmannen klar på at dommen ikkje burde ankast, noko ordførar Rune Hovde støtta.

– Kommunen har ikkje noko å vinne på ei ankesak, slo ordføraren fast.

I saksutgreiinga seier også rådmannen at dommen i tingretten synest å vere ganske klar.

– Det vert synt til at det vedtaket kommunestyret gjorde i desember 2005 ikkje er godt nok ut frå krav om kva som skal vere innhaldet i ein avtale. Det vert vidare synt til at handsaminga som vart gjort av Frostating lagmannsrett ikkje er så klar at ein kan sjå på det som eit bindande grunnlag for at Harry Moe skulle overføre eigedom til Ørsta kommune. Samla vert tilrådinga at dommen ikkje vert anka. Vurderinga er at det er så tvilsamt at ein vil nå fram med ein anke at ein bør følgje den ordinære vegen for å få grunnlag for oreigning, konkluderer rådmannen.

Ny plan

Og i og med at gjeldande reguleringsplan no er eldre enn ti år, har han ikkje oreigningsheimel. Dermed må det altså til ein ny planprosess for å få vedteke ein reguleringsplan som har oreigningsheimel.