– Endene vert lagde ut for sal i VD-hallen laurdagen, fortel Frank Robert Aklestad, som er med å organisere festivalen. Han har tre store nett med gule badeender liggjande klare i garasjen. Søndag 1. september vert endene så sleppte i Vartdalselva, og dei som er så heldige å ha kjøpt ei vinnarand, vil verte rikeleg premierte.

Konsert i VD-hallen

Men ender i kappestrid er ikkje einaste posten på helgeprogrammet. Fredag vert det konsert i VD-hallen. Lokale musikarar står på scenen, og i tillegg kjem Sverre Eide, kjend frå Idol. Etter dette vert det lygarkveld på Soltjeld for dei vaksne og klubbkveld på Samhald i Barstadvika for ungdommane.

Marknad og dans

Laurdag er messe- og marknadsdag, med sal av mat og varer frå buder og standar. På kveldstid vert det så dans med gruppa “Crashville”.

Søndag har ein høve til å vere med på ein overgangstur frå Nordre Vartdal til Barstadvik, og i etterkant av denne vert det sal av bacalao på Samhald til slitne turgåarar.

I tillegg til dette vert det skipa til fotokurs med Tonje Sætre Indrearne, og ein kan besøke kunstutstillinga til Anne Pilar Aarseth.

Større omfang

– Vartdalsstranddagane har større omfang i år enn tidlegare år. Idrettslaget, ungdomslaget og skulekorpset samarbeider om tilskipinga, og me er no ein gjeng på fire-fem stykke som organiserer og koordinerer det som skal gå føre seg, fortel Aklestad.

Siste helga i august er det altså Vartdalsstranda som er staden å vere – med eller utan and.

Sverre Eide, kjend frå Idol, opptrer under Vartdalstranddagane