Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyra seinare i mai.

Fram i tid

I hovudtrekk handlar dei nye forskriftene om å innføre obligatorisk plastinnsamling for alle, og løyve til 14 dagars hentefrekvens av restavfallet på standard abonnement.

– Når det gjeld å ta inn avfall systematisk kvar 14. dag, så må vi ha lokalitetar til å lagre dette på slik at det er luktfritt rundt oss. Det ligg litt fram i tid, seier dagleg leiar for Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal.

Han kan ikkje seie noko om når dette eventuelt kan verte aktuelt.

– Men det er viktig med ei prinsipiell avklaring om det. Vi har ikkje plass nok til eit nytt bygg på VØR, og skal vi etablere oss på nytt med nye bygg, vil det utløyse investeringar i ein viss storleik. Då må vi ha eit slikt standpunkt i ryggen.

Få leverer plast

Når det gjeld obligatorisk plastinnsamling, ligg dette litt nærare i framtida.

– Dersom dette går igjennom i kommunestyra 30. mai, så vil vi prøve å få levert ut innsamlingssekker for plast i månadsskiftet august/september, seier Bjørdal.

Innsamlinga av plast og reduksjon i hentefrekvensen av restavfall heng saman. Med obligatorisk innsamling av plast vil volumet i restavfallet verte monaleg redusert, og tanken er at avfallsdunken til restavfall såleis bør vere meir enn stor nok til å romme avfallet til ein heil familie i 14 dagar, dersom folk er flinke til å kjeldesortere.

I dag har alle abonnentar mulegheit til å hente seg innsamlingssekker til plast på reinhaldsverket, men få nyttar seg av tilbodet.

– Om lag 10 prosent av abonnentane våre har bestilt sekker i år. Når du har ei frivillig ordning så får du ikkje same gjennomslag som når det er obligatorisk for alle, seier Bjørdal.

– Vask plasten

Plasten som reinhaldsverket får inn i dag vert levert via Grønt Punkt Norge til Swerec i nærleiken av Borås i Sverige.

– Dei har høg gjenvinningsgrad, på rundt 80 prosent, kan Bjørdal fortelje.

Plasten vert sortert i 5–7 kvalitetar. Dei enkelte plastkvalitetane vert deretter selt vidare til plastindustrien som brukar det i produksjonen sin.

Eksempel på plast som kan gjenvinnast er folie, beger, boksar, flasker av plast (sjampo), kaffiposar, ostepakkar, rømmebeger, vaskemiddelflasker og bereposar.

– Og plasten må vere rein. Skitten plast er avfall, minner Bjørdal om.