Måndag denne veka runda rådmann Wenche Solheim femti år. Midt i stressande dagar med omstilling og nedskjeringar i den kommunale organisasjonen, som tel kring tusen tilsette, vart det tid til litt feiring mellom gode kollegaer. Onsdag laga dei selskap for henne på rådhuset.

Og spørsmålet ein ikkje kjem utanom:

– Korleis er det å vere halvvegs til hundre?

– Det er ein liten milepåle, men slett ikkje noko dramatisk! Eg synest femtiåringane var eldre før, ja, sekstiåringane også. Alder er berre eit tal og alt kjem an på ein sjølv.

To år som rådmann

Wenche Solheim smiler. Det gjer ho ofte, same kor harde dagane på jobb kan vere. Snart kan femtiåringen markere eit anna og mindre jubileum. 1. juni er det nemleg to år sidan ho tok over som sjef for dei kommunetilsette i Ørsta. Ho er den første til å vedgå at det er krevjande å vere rådmann i Ørsta.

– Ja, å skulle oppnå resultat gjennom andre er både krevjande og utfordrande. Der stiller eg likt med kommunestyret.

Wenche meiner ho likevel har ein utruleg givande jobb.

– Noko av det mest spennande er å arbeide interkommunalt og å setje i gang prosessar, også i eigen kommune, og at dette fører fram til noko.

Det mest spesielle ho måtte venje seg til som nytilsett var alt ho som rådmann skulle meine på vegner av kommunen. Sjølv om Møre-Nytt skriv at rådmannen seier det og det, så er det ikkje slik at det er rådmannen personleg som skriv sakene. Det hender berre i einskilde tilfelle. Sakshandsamarar greier ut sakene på vegner av rådmannen – og rådmann Wenche skriv under sakene.

Svir

Sidan Wenche Solheim starta i jobben har mykje handla om omstillingar. Det svir for nokre.

– Men vi har dyktige og kompetente tilsette som leverer gode tenester, og innbyggjarane er stort sett godt fornøgde, opplever rådmannen.

Kva meiner ho er den største utfordringa?

Redusere

– Ho kjem når vi grunna økonomien må redusere kvaliteten. Dette er tøft også for medarbeidarane som har høge faglege krav, og som strekkjer seg langt for å halde oppe god kvalitet med mindre ressursar. Men vi må omstille, og det krev tid og gode prosessar. No er vi pressa på tid, og ting må skje fortare enn det burde. Det skaper sjølvsagt frustrasjon i organisasjonen.

Wenche fortel at ho er utolmodig av natur.

– Ja, og eg går av og til litt raskt fram. Difor har det hendt at eg har måtta rette opp ting. Eg kan av og til ha lyst til å vere meir operativ. Men eg tek meg i det.

Pepar

Når tidene er tøffe, og upopulære grep vert gjort, kjem også peparen. Og rådmannen vedgår:

– Eg synest vi av og til får for mykje pepar og kjeft. Det er utfordrande å skape forståing i alle einingane utanfor rådhuset sine vegger for kvifor vi gjer det vi gjer og at rådmannen er meir enn skjellsord og administrasjon. Kommunikasjon og samhandling er stikkord for større forståing.

Wenche Solheim har eit sterkt ønske om meir respekt og forståing for at alle i kommunen har ulike roller.

– Og at ein må ha tillit til kvarandre, kvar og ein, og at vi heile tida faktisk strevar etter å vere løysingsorienterte.

Gjere andre god

Rådmannen meiner den viktigaste oppgåva hennar er å gjere andre gode og å leie og snakke gjennom andre, altså kollegaene.

– Dei tilsette som er lengst unna meg ser eg ikkje så ofte. Dei er såleis kanskje dei viktigaste medarbeidarane. Når det er sagt, er sjølvsagt alle tilsette i kommunen viktige på sine område. Den beste kjensla eg kan ha som rådmann er å vere stolt av ein medarbeidar!

– Kva synest rådmannen om kommunestyret?

– Dei behandlar meg ok. Politikarane også har ein tøff jobb då dei har lova veljarane å rydde opp i kommuneøkonomien. Og dei svelgde ein stor kamel då dei innførte eigedomsskatten.

Lange dagar

Rådmannen fortel om lange arbeidsdagar, jobbing om kveldane og lite fritid. Ho vil halde seg mest muleg à jour heile tida og søndagskveldane nyttar ho til å førebu neste veke.

No i helga gjer ho nok eit unntak. For då inviterer ho storfamilien til bursdagsfeiring på Rekkedal Gjestehus.

– Eg ser fram til at ordføraren vert femti på nyåret, for eg synest han har vore vel kjepphøg siste dagane, humrar den ferske femtiåringen.

Elles meiner Wenche Solheim ho er heldig som får feire dagen saman med både foreldre og svigerforeldre.

– Det er ikkje alle i min alder som er så heldige.