For første gong går Ørsta og Volda saman i eit felles opplegg for å gjennomføre vaksinasjonane.

– Og i år håper vi at flest muleg er så tidleg ute som muleg. I fjor hadde vi ein dårleg start, og straumen av folk kom først då vi var ferdige med dei oppsette vaksinasjonsdagane, fortel Gotteberg.

Kraftig tilråding

I fjor vart det sett rundt 1.200 vaksinasjonar i Ørsta og 1.000 i Volda.

Håpet i år er at flest muleg vil nytte seg av dei oppsette dagane.

– Vi set av mykje personell til å gjere desse oppgåvene, og når folk ikkje kjem før seinare vert dette ei ekstrabelastning for dei som set vaksinane. Då må dei setje til side andre arbeidsoppgåver, seier Gotteberg.

Han seier at det sjølvsagt vil vere høve til å bestille seg ein time på helsestasjonen eller legesenteret for å få vaksinen for dei som ikkje har høve til å kome på dei oppsette dagane, men at det er ei kraftig tilråding å møte opp når dei har sett av tid til det.

Det handlar også om å få best muleg effekt av vaksinen.

– Tidleg vaksinasjon gir best verknad. Då vert immuniteten bygd opp før influensaen kjem. Å vaksinere seg midt oppe i ein pågåande influensaepidemi gir mindre beskytting.

Influensavaksinen varer berre ein sesong og må verte teken på nytt kvart år for dei som ønskjer å beskytte seg.

Startar komande veke

Helsesøstertenesta i Ørsta og Volda tilbyr altså opne vaksinasjonsdagar utan timetinging på Volda omsorgssenter og Bakk-Ola marka bu- og aktivitetssenter i Ørsta. I Ørsta startar vaksinasjonane i komande veke, og i Volda veka etter.

Dei som bur på institusjon og pasientar som får heimetenester vil kunne få tilbod om vaksine av tilsette i pleie- og omsorgstenestene. Pasientar som elles har timeavtalar ved Ørsta eller Volda legesenter, og legekontora på Vartdal og Sæbø, kan få tilbod om vaksine samstundes.

I Ørsta er det også muleg å få lungebetennelsevaksine desse dagane, dersom legen har gitt klarsignal for det. Andre på ta kontakt med legekontoret. Denne vaksinen er tilrådd kvart 10. år.

Risikogrupper

Helsepersonell og andre som har pasientkontakt er tilrådde å ta vaksinen for å beskytte både seg sjølv og andre for smitte.

Elles er dei i risikogruppene folk med alvorleg hjarte- og lungesjukdom, kronisk lever- og nyresvikt, diabetes, nedsett immunforsvar, alvorleg overvekt, gravide etter 12. svangerskapsveke, alle frå og med fylte 65 år og svinerøktarar.

– Ved å la deg vaksinere vernar du deg sjølv på ein effektiv måte. Du reduserer også smitteoverføringa til andre som kanskje er svakare enn du sjølv. Det er eit samfunnsmedisinsk viktig tiltak, seier kommuneoverlegen.