I løpet av dei tre fyrste kvartala av 2011 har gjennomsnittsprisen på fast eigedom i Volda kommune auka med heile 17 prosent. Også mengda sal har gått opp.
I heile Noreg blei det selt åtte prosent fleire bustadeigedomar i løpet av årets tre fyrste kvartal, enn det gjorde i same periode i fjor. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Alt i alt blei det selt 58.523 faste eigedomar. Her er tabellane som viser korleis det står til med tilsvarande sal i nærområdet vårt.
Omsett i Volda
I løpet av dei ni fyrste månadene av 2011 blei det omsett 125 bustadeigedomar i Volda kommune. Eller rettare sagt, det blei tinglyst så mange eigedomsovertakingar i den perioden. I forhold til dei tre fyrste kvartala i fjoråret er dette ein auke på heile 32 prosent, som såleis er mykje større oppgang enn elles i landet. Det var 95 sal i fjor på denne tida.
Ikkje burettsleilegheiter
Det er viktig å understreke at burettsleilegheiter ikkje er med i SSB sin statistikk. Det er her altså snakk om fast eigedom med tilhøyrande bygningsmasse (for bustad). Tomtesal blir altså ikkje rekna. Og det er snakk om alle tinglyste eigedomstransaksjonar.
I Ørsta kommune gjekk det 114 slike eigedomar under hammaren i dei tre fyrste kvartala i år. Dette er ein auke på nesten elleve prosent frå same tid i fjor, då det var 103 sal.
- Kan ikkje konkludere
I databasen finn vi også den totale summen alle desse eigedomane blei selde for. SSB maner til varsemd når det er snakk om å samanlikne prisutvikling knytet til desse tala.
- Endringar i gjennomsnittleg kjøpesum gir ikkje nødvendigvis eit riktig bilete av prisutviklinga, sidan dei omsette eigedomane varierer over tid med omsyn til storleik, standard og lokalisering, heiter det i SSB sin artikkel omkring temaet.
Det minnest også om at ei omsetning i enkelte tilfelle kan omfatte fleire bueiningar.
Opp seks prosent i Noreg
Dess fleire sal, dess betre er grunnlaget for samanlikning. I heile Noreg blei det i løpet av årets tre fyrste månader omsette fast eigedom for drygt 15 milliardar kroner. Dersom vi då deler på alle transaksjonane, så får vi eit gjennomsnitt på ganske nøyaktig 2,6 millionar kroner per stk. Dette snittet er seks prosent høgare enn det som dei same månadene i 2010 resulterte i.
Snittet i Volda
I Volda kommune blei dei 125 eigedomane selt for i gjennomsnitt 1,91 millionar kroner. Dette er 17 prosent høgare snittpris enn på same tid i fjor. Dette viser altså at prisutviklinga har vore ein del betre på desse kantar enn det vi ser elles i landet – om vi likevel tillèt oss å samanlikne litt.
Ser vi på Ørsta kommune, så finn vi at snittprisen på dei omsette eigedomane ligg på 1,66 millionar kroner. Dette er faktisk ned nesten tre prosent frå snittprisen på same tid i fjor.
Dyrt i Bærum
Det er Bærum kommune som har Noregs høgaste gjennomsnitt – med voluminøse 4,58 millionar kroner i snitt. Og der er det faktisk selt ganske mange eigedomar også. Frogn i same fylke og Randaberg i Rogaland følgjer så med knapt fire millionar kroner i snitt.
På denne oversikta finn vi Volda på 113. plass blant 318 kommunar med nok sal til å vere med. Ørsta er her nummer 163.
Mengda selde i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal blei det i løpet av årets tre fyrste kvartal selde ti prosent fleire eigedomar enn på same tid i fjor. Talet var 3.055 stk. Den gjennomsnittlege kjøpesumen i Møre og Romsdal var 1,98 millionar kroner i årets ni fyrste månader. Dette er 3,3 prosent meir enn dei tre fyrste kvartala av fjoråret.