På Røros bestemte idretten seg for ny hall hausten 2008, og etter mykje hardt arbeid stod hallen ferdig to år seinare. Jon Anders Kokkvold informerte om måten ein har arbeidd på for å realisere ein hall i Røros, som er større enn det folketalet tilseier. Med fem tusen innbyggjarar ville handballforbundet ha tilrådd ein hall med ei speleflate. Det hadde ein allereie i Røros, men gjekk i staden inn for å byggje ein hall med tre speleflater for å hall stor nok til handballandskampar, turneringar og utanomsportslege arrangement.

– For å få gjennomført eit slikt prosjekt er det veldig viktig at idretten ikkje sprikar i synspunkt, men at ein står samla. Eg har ei forståing av at det har vore litt sprik her, seier Kokkvold.

Drastisk auke

Hallen i Røros hadde ein prislapp på 59,7 millionar kroner, og vert ein del rimelegare enn hallen som er planlagd i Ørsta. Prisforskjellen har mykje å gjere med tidspunktet hallen i Røros vart bygd på med finanskrisa sitt inntog.

– I hallen vi har i dag er det ikkje noko problem å arrangere tre handballkampar samstundes. Vi har sett ei drastisk auke i aktiviteten både blant gammal og ung etter at hallen vart teken i bruk, og handikapidretten, som tidlegare ikkje hadde ein plass å vere, er no i full sving. Det er full aktivitet i hallen frå åtte om morgonen til ti på kvelden. Fotballen har og kome inn i hallen saman med bedriftsidretten, seier Kokkvold.

– Vil vere eit løft for bygda

Ordførar Rune Hovde presiserte overfor dei frammøtte at ein må ha orden i økonomien før ein hall kan verte realisert i Ørsta.

– Dette er berre eitt steg på vegen for å få eit løft. Idretten må samle seg enno meir enn kva han har gjort til no, og vi må også jobbe mot Volda. Røros hadde dårlegare føresetnader enn oss for å få ein slik hall realisert, men vi ser at dei har fått det til. Å få til ein hall i Ørsta kan løfte heile bygda, seier Hovde.

Interkommunalt samarbeid

Under møtet vart og spørsmålet til eit interkommunalt samarbeid teke opp, og som kan løyse ut meir spelemidlar.

– Eg ynskjer at ordføraren tek initiativ til eit interkommunalt samarbeid. Dette kan løyse ut tjue prosent meir spelemidlar, noko som vil tilsvare 3,3 millionar i denne samanhengen. Med ein ny hall kan samarbeidslaga nytte denne, og kunne ha opp mot tusen tilskodarar. Frå handballforbundet si side kan dei tildele oss arrangement og  turneringar  som kan ha opp mot tusen deltakarar, seier Gunnar Knutsen i Ørsta idrettspark.

– Setje Ørsta på kartet

Om ein hall med tre speleflater vert realisert i Ørsta, vil det vere einaste hallen av sitt slag mellom Bergen og Kristiansund.

– Vi ligg sentralt til med flyplassen like ved, og berre ein time frå Oslo. Utanom idretten ynskjer vi å få på plass messer, dansegalla og konsertar i hallen, men ingenting hadde gledd meg meir enn at Ørsta vert sett på kartet med idrettsarrangement, seier Knutsen.

– Håper ein at ein ny hall vil auke aktiviteten slik som på Røros?

– Vi håper ikkje, det vil verte slik. Handballen åleine i dag kan dekke to speleflater, og det å fylle hallen med aktivitet er potensielt ikkje noko problem, seier Knutsen.

Ordføraren sentral på Røros

På Røros var ordføraren ein av pådrivarane for å på plass ein ny hall, og dette er noko som Knutsen saknar frå førre kommunestyreperiode i Ørsta.

– Ordføraren på Røros var sentral i arbeidet, men det har vi ikkje erfart her så langt, seier Knutsen.

Ørsta idrettspark har no fått klarsignal med å ta opp att arbeidet for ein ny hall.

– Vegen er ein del opnare no, men det er framleis avgrensingar. Neste brev som eg kjem til å sende vil vere om å overta tomta. Vi må sleppast inn og få gjort noko. Ordførar Hovde sa at han ikkje ville sitje igjen med rivmur på tomta etter fire år som ordførar, men vi må stresse vidare og starte litt, seier Knutsen.

Forståing og kunnskap

Både handballforbundet og Kokkvold stilte seg sjølve til disposisjon for hjelpe til i det vidare arbeidet, og Ørsta idrettspark AS vil nytte seg av erfaringane som er gjort.

– Eg har predikert og vist til Røros fleire gonger, men eg har følt at eg ikkje har vorte trudd. Det at dei kom hit og fekk presentere seg grundig sjølv, var veldig greitt. No har mange fått ei forståing for og kunnskap om det som har skjedd på Røros, seier Knutsen.