Meteorologisk institutt melder om ein del vind i helga. Fredag ettermiddag tok kulingen tak i Ørsta, og på Mele ramla ein stolpe over vegen.

Tekstvarselet til meteorologisk institutt seier at det fredag ettermiddag er sørleg sterk kuling utsette steder. Fredag kveld løyer det til  sørvestleg frisk bris. Etter kvart skal det regne på ytre Søre Sunnmøre,.

Laurdag er det meldt aust- og søraust stiv kuling utsette stader. Tidleg laurdag skal det regne, men etter kvart vert det skya og opphaldsver.

Søndag er det meldt austleg og søraustleg stiv kuling utsette steder, og søndag ettermiddag kortvarig sørvest liten og periodevis stiv kuling på kysten. Stort sett oppholdsver, frå søndag ettermiddag litt regn på Sunnmøre.