For å presentere mulegheitene som fins i utdanningsvalet teknikk og industriell produksjon, vert 72 elevar som har valt grunnkurs TIP eller VG2 arbeidsmaskin invitert til fagdag i Grepabygget.

Der skal Opplæringskontoret for anleggs- og bergfag stille med utstyr og informasjon, i tillegg til bil- og traktorbransjen, Statens vegvesen og politiet.

– TIP har eit stort spekter av retningar, med mulegheit for 59 ulike fagbrev. Målet no er å få vist ungdomen kva vi kan tilby, og få dei til å tenkje utdanning, tryggleik og konsekvens, seier TIP-lærar Haldor Hove på Ørsta vgs.

Lokalt samarbeid

Lokalt stiller Autoservice, Eik Maskin, Bil & Gummiservice og K.A. Aurstad med bilar og maskiner.

Det er første gongen TIP på Ørsta vgs. arrangerer ein så omfattande fagdag for elevane.

– Det har vore nokre fagdagar tidlegare år, men dei har vore meir spissa inn mot utdanningslinjene. No samlar vi alt som handlar om køyretøy. Går dette bra, har vi veldig lyst å invitere med 10. klassingane neste år, seier Hove.